Vedtekter til Foreininga Landsbyhuset Breidablik
§ 1 Foreininga sitt namn
Foreininga sitt namn er ”Landsbyhuset Breidablik”. Foreininga er stifta med verknad f.o.m 22.02.2011 og har adresse 6084 Larsnes. Foreininga er ein friviljug medlemsorganisasjon.
§ 2 Formål
Formålet med foreininga er å vidareføre eigarskap og drift av grendahuset Breidablik, tidlegare organisert som A.L Breidablik.
Breidablik skal vere ein høveleg samlingsstad for møter, festar, kino, teater og andre arrangement bygdafolket på Skredestranda, Larsnes og Hallebygda kan ha glede av. Foreininga har ikkje økonomisk erverv som formål, men skal syte for ein sunn økonomi som tillet godt vedlikehald og god drift av huset.
§ 3 Bruk av huset
Landsbyhuset Breidablik er ope for alle lovlege formål. Ingen skal stengast ute på grunn av sitt religiøse eller poltiske syn, eller av andre grunnar som er i strid med alminnelege tolegrenser. Huset skal nyttast slik foreininga finn det teneleg, i det ein tek omsyn til den økonomiske stoda og det sosiale og kulturelle formål huset skal gi plass til.
Leigevilkåra skal vere dei same for alle brukarar av huset, private eller organisasjonar. Medlemsskap i foreininga gir ikkje særskilde føremonar.
§ 4 Juridisk person
Foreininga Landsbyhuset Breidablik er ein sjølveigande og frittståande juridisk person med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld
§ 5 Medlemar
Medlemsskap i foreininga kan teiknast av organisasjonar, institusjonar, lag eller einskildpersonar ved kontantinnskot. Medlemsskap pliktar ikkje medlemet økonomisk utover kontantinnskotet.
Organisasjonar, institusjonar og lag vert grupperte som A-medlemar. Einskildpersonar vert grupperte som B-medlemar.
Medlemsskap i foreininga kan ikkje overdragast til andre. Utmelding må skje skriftleg til styret. Utmelding gir ikkje rett til refusjon av kontantinnskot. Dersom medlemet døyr vert medlemsskapet sletta.
§ 6 Medlemsavgift
A-medlemar betalar ein eingongssum på kr. 500 pr. medlemsskap (1997-kroneverdi).
B-medlemar betalar ein eingongssum på kr. 250 pr. medlemsskap (1997-kroneverdi).
Alle kan kjøpe det antal medlemsskap dei vil, men ikkje mindre enn eitt (1).
Prisen på medlemsskapet skal indeksregulerast ein gong pr. år med grunnlag i konsumprisindeksen frå Statistisk Sentralbyrå. Reguleringa skal gjerast pr. årsmøtemånad og gjelde frå årsmøte til årsmøte.
Medlemsavgifta må vere innbetalt pr. 31.12. for at medlemsskapet skal gi rettar/plikter til påfylgjande årsmøte.
§ 7 Røysterett og plikter
Alle medlemar har røysterett og kan veljast til verv i foreininga.
A-medlemar har ei (1) røyst for kvart 25. kjøpte medlemsskap (dvs. 1-25 gir 1 røyst, 25-50 gir 2 røyster osb.). B-medlemar har ei (1) røyst for kvar person, same kor mange antal medlemsskap vedkomande har kjøpt.
Ved røysting må medlemane vere tilstades med ein person for kvar røyst. Det kan ikkje røystast ved fullmakt.
§ 8 Godtgjersle til personar med tillitsverv
Personar med tillitsverv skal ikkje motta honorar. Faktiske utgifter og tapt arbeidsforteneste kan imidlertid refunderast ved framlegging av naudsynt dokumentasjon.
Slike utgifter skal kome fram i budsjett og rekneskap som eigen post.
§ 9 Årsmøte
Årsmøte skal haldast i februar månad kvart år og er foreininga si høgaste mynde.
Årsmøtet skal handsame fylgjande saker :
1. Val av ordstyrar
2. Godkjenning av innkalling
3. Val av eit medlem, i tillegg til ordstyrar, for underskriving av protokoll
4. Oppteljing av medlemar og antal stemmer tilstades på årsmøtet
5. Årsmelding og årsrekneskap
6. Styret sitt forslag til budsjett for komande år og andre økonomiske disposisjonar
7. Val av styremedlemar, styreleiar, kasserar/økonomiansvarleg
8. Val av valnemd på 3 personar
9. Val av revisor
10. Innkomne saker
Styret kallar inn til årsmøte med minst 14 dagars varsel. Innkalling med sakliste skal skje ved oppslag, annonse i lokalavisa eller brev til medlemane. Saker som skal handsamast på årsmøtet skal vere styret i hende skriftleg minst 21 dagar før møtet. Det kan ikkje handsamast saker som ikkje står på saklista.
Alle medlemane kan møte på årsmøtet. Styret skal delta på årsmøtet og revisor kan kallast inn dersom årsmøtet krev det. Styret og revisor har talerett, men ikkje røysterett utan at dei er medlemar. Styret kan invitere andre til å vere tilstades på årsmøtet. Desse har ikkje talerett eller røysterett.
Årsmøtet kan gjere vedtak når det er medlemar tilstades. Vedtak på årsmøtet vert fatta ved alminneleg fleirtal av avgitte røyster og er bindande for alle medlemane. Ved røystelikheit skal røysta til ordstyraren telje dobbelt. Blanke stemmer skal ikkje teljast. Det skal vere open røysting om ikkje årsmøtet vedtek noko anna.
Styret syter for at det vert ført møteprotokoll og denne skal skrivast under av ordstyrar og eit tilstadesverande medlem valt av årsmøtet.
§ 10 Ekstraordinære årsmøter
Ekstraordinære årsmøter skal haldast når styret ynskjer det, eller dersom ein tredjedel av medlemane med røysterett krev det. Kravet frå medlemane skal meddelast styret i rimeleg tid før innkallinga skal skje.
Innkalling skal skje på same måten som for ordinære årsmøter, med minst 14 dagars varsel. Det skal handsamast berre dei sakene som er oppført på saklista.
§ 11 Styret
Foreininga Landsbyhuset Breidablik skal leiast av eit styre på minimum 5 personar, eller det antal årsmøtet fastset. Styret skal veljast av årsmøtet. Styret er foreininga si høgaste mynde mellom årsmøta. Det skal haldast møte når leiaren krev det, eller når eit fleirtal av styremedlemane krev det.
Minst 3 av styremedlemane skal veljast frå B-medlemane. Styret skal veljast for 2 år, der minimum leiar og kasserar/økonomiansvarleg skal ha overlappande periodar. Leiar og kasserar/økonomiansvarleg skal veljast av årsmøtet, medan sekretær, nestleiar og andre oppgaver vert tildelt innad i styret.
Styret er vedtaksføre når meir enn helvta av styremedlemane er tilstades. Vedtak vert fatta ved alminneleg fleirtal. Ved røystelikheit skal møteleiaren si røyst telje dobbelt.
Styret har ansvaret for å arrangere årsmøta. Det skal setje i verk årsmøtet sine vedtak og ta avgjerder mellom årsmøta som er naudsynte for administrasjon og drift av landsbyhuset Breidablik. Styret kan nemne opp komitear/utval/personar for spesielle oppgåver. Oppretting av stillingar og tilsetjing av personar med løn skal godkjennast av årsmøtet og kostnadar skal kome fram i planar/budsjett. Styret har ikkje høve til å selje, pantsete eller på anna måte tilføre hefte på fast eigedom eller inngå kausjonspliktingar av nokon art. Det kan heller ikkje nytte foreininga sine inntekter til anna enn naudsynte utgifter til vedlikehald og drift i samsvar med årsmøtet sine vedtak.
Styret skal føre protokoll etter sine møter og denne skal skrivast under av styremedlemar som er tilstades. Styret ska ha naudsynt kontroll med foreininga sin økonomi og føre rekneskap etter gjeldande lover og reglar. Rekneskapsperioda er frå årsskifte til årsskifte og skal avsluttast pr. 31.12. Rekneskapen skal leggast fram for årsmøtet ferdig revidert av revisor valt av årsmøtet. Det skal skrivast årsmelding for foreininga, der styret oppsummerar foreininga sine aktivitetar og status det siste året. Styret skal legge fram komande års budsjett for årsmøtet og ellers rapportere om vesentlege tilhøve av interesse for foreininga. Det skal vere god orden i foreininga sine papir, slik at både sitjande og etterfylgjande styre kan orientere seg i foreininga sine aktivitetar og historikk.
§ 12 Signatur
Styret skal representere foreininga Landsbyhuset Breidablik utad og heftar ved styreleiaren si underskrift. Ved denne sitt fråver heftar underskrifta til kasserar/økonomiansvarleg.
§ 13 Endringar i vedtektene
Endringar i vedtektene kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte. Varsel om endringar skal kome fram på saklista i høve innkallinga til møtet. Vedtak om endringar krev 2/3 fleirtal av dei opptalde røystene.
§ 14 Oppløysing av foreininga
Vedtak om oppløysing av foreininga kan berre gjerast på ordinært årsmøte. Slikt vedtak krev 2/3 fleirtal av dei opptalde røystene. Dersom årsmøtet vedtek oppløysing, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte 3 månader seinare. På dette møtet skal vedtaket om oppløysing stadfestast med 2/3 fleirtal av dei opptalde røystene.
Til desse møta skal alle medlemane varslast skriftleg etter same fristar som for ordinære årsmøter.
Ved oppløysing av foreininga Landsbyhuset Breidablik, har Sande Kommune, etter avtale av 16.05.1994, rett til å ta over aktiva og passiva etter foreininga.
Samanslåing med andre foreiningar vert ikkje rekna som oppløysing. Vedtak om samanslåing og naudsynte vedtektsendringar skal gjerast etter reglane om vedtektsendring, jmf. § 12.
Vedtektene er godkjende av årsmøtet den 22.02.2011.