Snart klart for takplater i salen

Taket er på det nærmaste ferdig lekta og isolasjonen er komen "opp på betane". Det neste no er montering av takplater.

Teket ferdig lekta.jpg

Gipsplater med bestemt grad av perforering skal monterast i det meste av taket. Over desse skal det isolerast med 20 cm. Rockwool. Fremst mot scena skal takplatene vere utan perforering. Det er utarbeidd detaljert akustikkplan med materialval for alle flater i salen.

God stemning på dugnad

Karen Nedrelid og Karl Bjarne Sandvik i full gong med tapetsering av veggar i gangen. Det er ikkje noko å sei på humør og innsats. Kan hende det er påvirka av at Lisa Iversen akkurat har kome med sjokoladekake...

Før tapetseringa har det vore sparkla og pussa i fleire dagar. Det neste vert maling. Veggane skal vere grå, nokre av dørene svarte og andre grå. Vi er spente...men trur det verte fint.

Vindauga på sydveggen vert fjerna

Det er teke avgjerd om å fjerne vindauga i salen på Landsbyhuset Breidablik. På dei fleste arrangementa er gardinene trekte for og vindauga vert neppe noko sakn. Godt med lys etter at oppussinga er ferdig vil tilfredsstille alle krava om nok lys i salen.

Oddbjørn og Atle er her i full gong med å bygge igjen der vindauga har vore. Avgjerda er også grunna i planane om å bygge på Landsbyhuset Breidablik mot Larsnes skule. Dersom dette vert realisert, vil uansett vindauga måtte fjernast. Ved å gjere det no, unngår vi inngrep i ein oppussa sal seinare.

Veggar og tak skal isolerast og kledast

Grunna akustiske utbetringar, skal dei fleste veggane og delar av taket i salen isolerast på nytt. Dette krev utforing og ny platekledning. Det skal nyttast perforert gips i tak og på endeveggar, medan det på sideveggane skal nyttast Gustafs-panel (lydpanel) med eik overflate.

Dugnadsinnsatsen har vore stor og oppattbygging er godt i gong i salen. I gangen skal det skiftast takhimling, veggar og dører skal malast og det kjem nytt golvbelegg og nytt listverk.

Teknisk galleri oppsett før Feel It 2016-2017

Det vart ein liten tjuvstart på oppussinga i oktober 2016. Arbeidstilhøva for teknisk personale (lyd og lys) måtte betrast. Kummerlege tilhøve dei fyrste 4 Feel It-sesongane vart avløyst av kjempegod plass til utstyr og personale.

Monteringa gjekk strålande og Gamlebanken Scene gjorde ein flott dugnadsinnsats for å få på plass galleriet. Det var operativt frå fyrste Feel It-framsyninga i nov.2016. No kan alt utstyret stå opprigga og klart til ei kvar tid. Galleriet var på planen som ein del av av oppussinga av heile huset.

No startar oppussinga av Landsbyhuset Breidablik

Endeleg er vi klar til å starte oppussing av sal og gang! F.o.m fredag 17.02.2017 vert huset stengt fram til byrjinga av mai. Val av overflatemateriale til veggar, golv og tak er no mykje godt gjort. Finansiering er på plass og dugnadsgjengane er i ferd med å verte sette saman. Meld deg gjerne!

Illustrasjon (Sporstøl Arkitekter)

Illustrasjon (Sporstøl Arkitekter)

Styret har i lang tid arbeidd, saman med Sporstøl Arkitekter, for å finne løysingar og materialer som tek i vare bruken Landsbyhuset Breidablik har og skal ha i framtida. Illustrasjonen viser IKKJE eksakte fargar på overflatene, men viser eksempel på val av materialer som skal stette krava til akustikk på ein betre måte enn det som har vore tilfelle tidlegare.