Hildegunn & Leif-Per - utan Kringkastingsorkestret
Dei kjem til Landsbyhuset Breidablik - utan Kringkastingsorkestret!
LAURDAG 19.09.2026 kl. 19:00 (showstart kl. 20:00) Aldersgrense 18 år.
Den eksentriske humorduoen Hildegunn og Leif-Per Moltubakk kjem til Landsbyhuset Breidablik! Meir enn 22.000 hylande, lårklaskande og knisande publikummarar har fått med seg showsuksessen med radarparet frå Ulsteinvik!
Er det ein konsert? Er det eit show? Vi er sanneleg ikkje heilt sikre, men det er berre å spenne seg fast for noko av det snålaste og gøyaste i den norske underholdningsbransjen akkurat no.
Siste moglegheit til å få sett showet på Søre Sunnmøre! OBS! Dette er ikkje det same showet som dei vitja Breidablik med for to år sidan.
Av og med Fredrik Steen og Ørjan Liavåg
Regi: Karina Aase
Varigheit: 1 time og 20 min.
Landsbyhuset Breidablik opnar dørene kl. 19:00 og held ope lokalet fram mot kl. 24:00. Arrangementet har skjenkeløyve for øl og vin og det vert servering av heimelaga napolitansk pizza etter at Hildegunn & Leif-Per går av scena.
Vi kan garantere ein underhaldande og stemningsfull heilkveld i Landsbyhuset Breidablik!
"Husjomfru" av Edvard Hoem - Teatret Vårt
Siste roman i Edvard Hoem si slektskrønike, no som teater.
I 1911 døyr Julie Elisabeth Hoem på gamleheimen på Nordnes. I protokollen står det: Ingen Slegtninger. Intet Efterlatt. Likevel rommar livet hennar ei heil verd.
Basert på Edvard Hoems roman Husjomfru blir historia om felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter løfta fram. Julie Elisabeth var ei stolt og urokkande kvinne som levde midt i skiftet mellom gamle og nye tider, før velferdssamfunnet tok form, og då eit kvinneliv lett kunne forsvinne i stilla.
Etter ungdomsår i Kristiansund arbeidde Julie Elisabeth det meste av livet som husjomfru hos velståande familiar i Bergen. Ho sat ved herskapets bord - men høyrde ho eigentleg til der? Framsyninga skildrar korleis små val, draumar om kjærleik og lengta etter tilhøyrsle kan forme eit heilt liv.
Teatret Vårt har tidlegare løfta Edvard Hoems slekts-
historie fram på scena med Slåttekar i himmelen og Jordmor på jorda. Husjomfru er ei varm og sår forteljing om ei kvinne som lenge har stått i skuggen av historia, men som av Hoem har fått si stemme og si plass i lyset.
Anne Wiig ber heile livsreisa aleine på scena - frå svaberga i Kristiansund, til det stille rommet der livet går mot slutten i Bergen. Ei sterk, levande og nært fortald teateroppleving der éi stemme rommar eit heilt liv.
Velkommen til ei varm, sår og høgst levande framsyning om å bli sett, og om å bli hugsa.
Av: Edvard Hoem Dramatisert av: Kjersti Sandal
Skuespiller: Anne Wiig
Instruktør: Kristian Lykkeslet Strømskag Lysdesigner: Jonas P A Fuglseth
