Utdrag §1 og §2

Foreininga sitt namn er Landsbyhuset Breidablik. Foreininga er stifta med verknad f.o.m. 22.02.2011... friviljug medlemsorganisasjon.

Formålet med foreininga er å vidareføre eigarskap og drift av grendahuset Breidablik...

...Breidablik skal vere ein høveleg samlingsstad for møter, festar, kino, teater og andre arrangement bygdafolket på Skredestranda, Larsnes og Hallebygda kan ha glede av. Foreininga har ikkje økonomisk erverv som formål, men skal syte for ein sunn økonomi som tillet godt vedlikehald og god drift av huset.


Utdrag §3 og §5

Landsbyhuset Breidablik er ope for alle lovlege formål. Ingen skal stengast ute på grunn av sitt religiøse eller politiske syn, eller av andre grunnar som ikkje er i strid med alminnelege tolegrenser...Leigevilkåra skal vere dei same for alle brukarar av huset...

Medlemsskap i foreininga kan teiknast av organisasjonar, institusjonar, lag eller einskildspersonar ved kontantinnskot...Organisasjonar, institusjonar og lag vert grupperte som A-medlemar. Einskildpersonar vert grupperte som B-medlemar.

...Utmelding må skje skriftleg til styret. Utmelding gir ikkje rett til refusjon av kontantinnskotet...


Utdrag §6

A-medlemar betalar ein eingogssum på kr. 500 pr. medlemsskap (1997-kroneverdi).

B-medlemar betalar ein eingongssum på kr. 250 pr. medlemsskap (1997-kroneverdi).

Prisen på medlemsskapet skal indeksregulerast ein gong pr. år med grunnlag i konsumprisindeksen frå Statistisk Sentralbyrå...Medlemsavgifta må vere innbetalt pr. 31.12 for at medlemsskapet skal gi rettar/plikter til påfylgjande årsmøte.