Husleige

Du kan leige heile eller delar av Landsbyhuset Breidablik :

  • Heile huset
  • Kun kjøken
  • Kun gang
  • Kun kjøken og gang

Vi leiger ut pr. døgn, men kan tilbyde utleige til dagmøte for redusert døgnpris. Vi leiger også ut rekvisita av ulikt slag.

Sjå komplett prisliste >


Arrangement med inntekter

Dersom du leiger huset for inntektsgivande arrangement er det spesielle reglar knytta til leigeprisen :

  • 20 % av bruttoinntekta skal betalast i husleige
  • Maks. husleige er fastsett til 8 x døgnpris : Dvs. 8 x kr. 3 000 = kr. 24 000
  • Min. husleige er fastsett til 1 x døgnpris :     Dvs. 1 x kr. 3 000 = kr.    3 000

Ved denne typen leige skal økonomiansvarleg i Landsbyhuset Breidablik motta signert inntektsoppgåve frå leigetakaren.


Husleige inkl. dugnad

Mot tillegg i leigeprisen, kan styret i Landsbyhuset Breidablik kan tilbyde dugnadshjelp i høve leige av huset. Dette kan omfatte fleire typer tenester :

  • Rigging for arrangement (bord, stolar, pynting mv.)
  • Matproduksjon og servering
  • Sal av mat og drikke over disk
  • Lyd- og lysproduksjon ved sceneframsyningar (samarb. med Gamlebanken Scene)
  • Rydding og vask

Dersom slike tenester er aktuelt : ta kontakt med styreleiar eller utleigeansvarleg for tilbod.


Landsbyhuset Breidablik tilbyd enkelt lyd- og lysustyr for utleige (talemikrofon/mygg og enkel lysseting av scene/podium). Det er også tilgong på prosjektor og stort lerret (datamaskin må leigetakar halde sjølv). Prisar finn du i prislista ovanfor.

Dersom det er ynskje om meir omfattande lyd- og lysproduksjon, samarbeider Landsbyhuset med Gamlebanken Scene, som rår over mykje og avansert utstyr, samt personale som kan nytte slikt utstyr.

Ta kontakt med Gamlebanken Scene direkte, eller styreleiaren, for tilbod.

Lyd, lys og bilete