Bruk av lokala

  • Lokala skal nyttast som avtalt.
  • Dersom det vert gjort skader på lokale/inventar, skal dette erstattast.
  • Leigetakar skal informere utleigeansvarlege om eventuelle skader. Dersom koppar, glas, tallerknar e.l vert knust, skal dette erstattast med kr. 50,- pr del.
  • Lyd/lysanlegg kan berre brukast etter særskilt avtale med utleigar.
  • Røyking er ikkje tillate inne i nokon del av Breidablik.

Utleigar

  • Skal stille lokala til disposisjon for leigetakar til avtalt tid.
  • Skal syte for at teknisk utstyr fungerar som skissert på leigetidspunkt.
  • Skal syte for at lokala og utstyr er reingjort, klart til bruk.
  • Skal ha synfaring saman med leigetakar for og etter utleige.
  • Skal syte for underskriven leigeavtale før utleige.

Leigetakar

  • Ansvarleg leigetakar skal vere min. 25 år gamal.
  • Skal, om naudsynt, sjølv syte for snørydding før arrangement med offentleg tilgjenge.
  • Leigetakar må ikkje gjere bygningsmessige endringar.
  • Det er ikkje høve til å henge opp noko på veggane dersom det setter spor etter seg.
  • Lokala skal ryddast,  kostast og vaskast etter bruk, om ikkje anna er avtalt.
  • Utstyr som er brukt på kjøken skal vaskast og setast på plass.