Snart klart for Hildegunn & Leif-Per!
/Vi riggar salen for ein triveleg kveld med show, pizza og god drikke. Ta turen til Landsbyhuset Breidablik laurdag 19. sept. kl. 19:00. Showstart kl. 20:00.
Vi riggar salen for ein triveleg kveld med show, pizza og god drikke. Ta turen til Landsbyhuset Breidablik laurdag 19. sept. kl. 19:00. Showstart kl. 20:00.
Landsbyhuset Breidablik har nettopp arrangert pizzabakekurs for å bu seg godt på pizzabaking til Hildegunn & Leif-Per, laurdag den 19.09.2026. Då skal det serverast pizza med napolitansk botn og 3-4 ulike “toppingar”.
Kjetil Lunde Ingvaldsen stilte på fredagen for å lære kjøkengjengen å sete, elte og forme pizzadeiga. Etter 2 døgn med "kaldheving” var søndagen avsett til utbaking, topping, steiking og smaking.
Konklusjon frå kursdeltakarane etter eit vellukka kurs: DITTE VERTE STEIKJE BRA!
Gjer deg klar for ein kveld med latter og gode historier! Hildegunn og Leif-Per tek deg med inn i ei verd av skarpe observasjonar, treffande humor og situasjonar dei fleste vil kjenne seg att i. Dette er showet som gir trim for lattermusklane og godt humør lenge etter at dei har gått av scena!
På 10 dinnershow har tilsaman 1760 gjestar fått opplevingar dei seint vil gløyme: Flotte lokaler, feiande musikalsk sceneshow, nydeleg mat og drikke og fantastisk god service!! Feel It, Gamlebanken Scene og Landsbyhuset Breidablik er stolte over kva som er mogleg å få til med stor innsats frå mange hald!
Og spesielt takk til alle som stiller på dugnad for Landsbyhuset Breidablik for å få til dette unike arrangementet! Servering, vakthald, matopplegging, oppvask, pynting, rydding og vask er mange av oppgåvene som bygdafolk stiller på dugnad for å få utført; til inntekt for Landsbyhuset Breidablik! TUSEN TAKK!!
Gursken Skulekorps øver til konsert!
Tysdag 24.03.2026 kl. 19:00 er det framsyning i Landsbyhuset Breidablik!
Tysdag 06.05.2025 kl. 19:00 kjem dei til Landsbyhuset Breidablik
Romsdals Budstikke trillet terningkast seks og kalte forestillingen «teaterkunst på øverste nivå». Også teateranmelder Amund Grimstad i Klassekampen var svært begeistret: «Når du har ei god historie og ein framifrå forteljar, så er det ofte nok til å få ei minst like god teateroppleving som i store påkosta produksjonar. [...] Denne framsyninga er ei lågmælt og upretensiøs lita perle.»
Forestillinga er regissert av teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag og hadde premiere i Molde 2. april.
Vi serverar pizza og god drikke før og etter “showtime” med Hildegunn og Leif-Per. Dørene opnar kl. 19:00, showet startar kl. 20:00. Ta turen til Landsbyhuset Breidablik!!
Trykk på linken under for å kome med forslag i tråden til Hildegunn Moltubakk på Facebook:
Laurdag 13.04.2024 kl. 15:00. Set av eit par timar til konsert med Gursken skulekorps!!
Teater i Landsbyhuset Breidablik: Tysdag 12.03.2024 - kl. 19:00
Høyr podkasten; Intervju med Astrid Overaa og Bitten Linge: I denne episoden møter du skuespiller Astrid Overaa, som nå er på turne med forestillingen "Til oss fra de eldste", i en samtale med Bitten Linge om det å bli eldre. De snakker om hvilke utfordringer man støter på, men mest om alt det positive. For alderdommen er jo tross alt som en fredag.
På 10 dinnershow har tilsaman 1760 gjestar fått opplevingar dei seint vil gløyme: Flotte lokaler, feiande musikalsk sceneshow, nydeleg mat og drikke og fantastisk god service!! Feel It, Gamlebanken Scene og Landsbyhuset Breidablik er stolte over kva som er mogleg å få til med stor innsats frå mange hald!
Og spesielt takk til alle som stiller på dugnad for Landsbyhuset Breidablik for å få til dette unike arrangementet! Servering, vakthald, matopplegging, oppvask, pynting, rydding og vask er mange av oppgåvene som bygdafolk stiller på dugnad for å få utført; til inntekt for Landsbyhuset Breidablik! TUSEN TAKK!!
"Astrid Overaa bringer inn flere av sine egne erfaringer og historier, og det krydrer og bidrar godt i det fragmentariske, hennes egne puslespillbiter, både de hun husker med glede og med tristhet… som hun også vrir til egentlig positive opplevelser for henne selv". "Jeg skal ikke røpe noe som helst, egentlig, men det er masse gode sanger, både norske, svenske og franske. På god dialekt, heldigvis!" Sunnmørsposten/Romsdals Budstikke
Landsbyhuset Breidablik stiller lokala til disposisjon for innsamling/mottak av REINE og HEILE kle, sko, pledd og sengetøy for sending til Ukraina.
Kr. 50,- pr. kolli i fraktstønad.
Tysdag 28.03.2023, kl. 18-20.
Kontaktperson: Stine Brune Lillebø, tlf. 916 42 301
Torsdag 23.03.2023 kl. 19:00
Vi gratulerar Reidun Auflem Vik som den heldige vinnar av 2 stk gratisbillettar til Teatret Vårt si framsyning av Barselfeber i Landsbyhuset Breidablik, torsdag den 23.03.2023!
For dei som ikkja var like heldige: Kjøp billettar no! Det er tilgjengeleg kun 50 billettar på denne framsyninga.
I høve morsdagen i morgon vil vi glede nokre mødre litt ekstra!
Til Teatret Vårt si framsyning av “Barselfeber” i Landsbyhuset Breidablik torsdag den 23.mars 2023, trekkjer vi 1 vinnar som får 2 gratisbillettar til denne framsyninga.
Legg igjen eit raudt ❤ i kommentarfeltet til artikkelen på Landsbyhuset Breidablik si Facebook-side. Då er du med i trekninga. som skjer mandag 13. februar kl. 18:00!
Landsbyhuset Breidablik er grendahus, konsertsal, møtelokale og festlokale for Larsnes krets. Lokalet er tilgjengeleg for alle som ynskjer på nytte det eller delta på arrangement som vert stelt i stand for bygdafolket.
Landsbyhuset Breidablik er tilgjengeleg for utleige til private, organisasjonar og bedrifter. Mykje informasjon finn du på denne heimesida. Om ikkje du finn det du leitar etter : ta kontakt med
Harald Sætre
Tlf.: 913 18 358
harald@lbhbreidablik.no