Takk for ein fantastisk Feel It-sesong!!!

Landsbyhuset Breidablik takkar alle som har gjort årets Feel It-sesong til ein kjempesuksess!!!

På 10 dinnershow har tilsaman 1760 gjestar fått opplevingar dei seint vil gløyme: Flotte lokaler, feiande musikalsk sceneshow, nydeleg mat og drikke og fantastisk god service!! Feel It, Gamlebanken Scene og Landsbyhuset Breidablik er stolte over kva som er mogleg å få til med stor innsats frå mange hald!

Og spesielt takk til alle som stiller på dugnad for Landsbyhuset Breidablik for å få til dette unike arrangementet! Servering, vakthald, matopplegging, oppvask, pynting, rydding og vask er mange av oppgåvene som bygdafolk stiller på dugnad for å få utført; til inntekt for Landsbyhuset Breidablik! TUSEN TAKK!!