Flott bryllaupsfeiring på Breidablik
/Laurdag 30.04.22 framstod landsbyhuset Breidablik pynta til bryllaupsfeiring. Strålande nøgde gjestar og brudepar fekk ei flott feiring i flotte lokaler!
Laurdag 30.04.22 framstod landsbyhuset Breidablik pynta til bryllaupsfeiring. Strålande nøgde gjestar og brudepar fekk ei flott feiring i flotte lokaler!
Toril og Lisa i full sving med kveldsmaten som er ein del av programmet i dokumentarteateret “Bondetinget” på Breidablik i kveld.
Framsyninga startar kl. 19 og varer ca. 2 timar, berre avbrote av matservering. Det er framleis ledige billettar.
Teatret Vårt er i full rigging til framsyninga i kveld i Landsbyhuset Breidablik.
“Bondetinget” er eit dokumentarteater med innlagd matpause (gratis mat).. Kritikkane er framifrå, so det er berre å ta turen til Breidablik i kveld kl. 19!
Teatret Vårt kjem til Larsnes med dokumentarteater om norsk landbruk og bygdeutvikling. Ta turen til Landsbyhuset Breidablik den 20.04.2022 kl. 19. Les meir her>
Det vert også enkel servering i pausen, med snittar, kaffi og sveler.
Teater med matpause og “drøs” rundt borda.
Teatret Vårt kjem til Larsnes med dokumentarteater om bygdeutvikling og landsbrukspolitikk. Ta turen innom Landsbyhuset Breidablik den 20.04.2022. Les meir her >
Det vert servert gratis kaffi, snittar og kanskje også svele.
Tor Sivertstøl presenterar Lysleite II for publikum laurdag 18.09.2021 kl. 19:30 og søndag 19.09.2021 kl. 17:00. Det er førehandsal av billettar til begge dagane (maks 48 billettar pr. dag).
Det er ikkje ofte det er teaterframsyning på Larsnes. No kjem Teatret Vårt hit (tysdag 07.09.21 kl. 19:00), med ei framsyning som har fått svært gode kritikkar!
Astrid Overå og Peter Drabløs er framifrå i rollene som Margaret og John; eit eldre vennepar som snakkar seg i mellom om det meste, men kanskje ikkje om slett alt? Ikkje før no…. “Skumringstimen” tek opp dei store spørsmåla. Slikt som vener kanskje bør snakke om før det er for seint? Regisør for framsyninga er Eldrid Schrøder Kvalvik.
“Det er så fint. Så tankevekkende og tatt på kornet.” - Sunnmørsposten - til terningkast 5.
Det står att ein del kakefat på Breidablik etter bl.a Sandemessa 2019. Dersom du finn ditt fat på biletet, ta kontakt med Toril Urkedal på tlf 976 10 919.
LIL, Gamlebanken Scene og Landsbyhuset Breidablik arrangerar alternativ PÅSKEQUIZ i desse “coronatider”.
Det vert “livesending” frå Landsbyhuset Breidablik, på Youtube, med div. innslag i rettepausane.
Deltakaravgift er friviljug, men vert sett stor pris på av arrangørane…
Det er snart klart for ny sesong med Feel It dinnershow i Landsbyhuset Breidablik på Larsnes. 8. sesongen “står for døra”, bandet finpussar no på repertoaret og kokkane kvessar i desse dagar knivane. Billettsalet har vore fantastisk: I skrivande stund er det 28 billettar tilgjengeleg (!).
Du kan imidlertid framleis verte ein av dei 1408 som får oppleve speleglede og flott musikk, fantastisk god mat (4 rettar) og stor dugnadsinnsats! Fredag 01.11.2019 er det nokre billettar ledig.
Kjøp billettar her: Feel It dinnershow
Då er sommarens dugnad på Landsbyhuset Breidablik omtrent fullført!. “Jungelen av planter og buskas” er fjerna, mold og dårleg masse er køyrd vekk og ein flott Recon-mur står ferdig. Det står berre att å montere gjerdet.
Olav A. Våge Maskin AS har utført maskin- og transportarbeidet. Bak muren (på Breidabliksida) er det fylt opp med god steinmasse, komprimert og planert med singel. Framfor muren er skråninga ned mot skuleplatten planert og arealet mellom murane er oppfylt med pukk og singel.
Då er muren ferdig! No står det att planering og stelling av arealet framfor og bakom muren.
Olav A. Våge inspiserer arbeidet. Det går fort å mure med Recon-stein. Ulstein Betong AS leverar steinen og dette ser ut til å verte flott!
15.07.2019 starta arbeidet med endring av uteområdet mellom Landsbyhuset Breidablik og Larsnes skule. Olav A. Våge Maskin AS syter for maskinarbeidet og Landsbyhuset Breidablik syter for dugnaden. Planter og “buskas” er no fjerna og fyrste steinblokka i ny mur er lagd.
Landsbyhuset Breidablik er grendahus, konsertsal, møtelokale og festlokale for Larsnes krets. Lokalet er tilgjengeleg for alle som ynskjer på nytte det eller delta på arrangement som vert stelt i stand for bygdafolket.
Landsbyhuset Breidablik er tilgjengeleg for utleige til private, organisasjonar og bedrifter. Mykje informasjon finn du på denne heimesida. Om ikkje du finn det du leitar etter : ta kontakt med
Toril Urkedal
Tlf.: 976 10 919
toril@lbhbreidablik.no
Harald Sætre
Tlf.: 913 18 358
harald@lbhbreidablik.no