Feel It dinnershow 2018-2019
/Feel It, Landsbyhuset Breidablik og Gamlebanken Scene er godt i gong med å bu seg til komande Feel It-sesong. Merk deg datoane for dinnershowa! Det vert annonsert nærmare om når det vert opna for sal av billettar.
Feel It, Landsbyhuset Breidablik og Gamlebanken Scene er godt i gong med å bu seg til komande Feel It-sesong. Merk deg datoane for dinnershowa! Det vert annonsert nærmare om når det vert opna for sal av billettar.
Søndag 15.04.2018 kl. 16:00 skipar Hornmusikklaget Varden til musikkafè på Breidablik. Det vert variert korpsmusikk, sal av kaffe, kaker og lodd.
Det vert også auksjon av gamle, men godt brukande, instrument. Har du ambisjonar om ei karriere som musikar, kan dette vere starten! Om du har lagt musikarkarriera bak deg (du har kanskje tidlegare vore med i korps), kan det vere på tide å skaffe seg eit vitnesbyrd om tidlegare storheit. Om ikkje noko av dette passar: instrumentet kan nyttast som pyntegjenstand!
Møt opp og stø lokalt kulturliv!
Søndag 03.12.2017 kl. 15:15 skipar Hornmusikklaget Varden til Adventskaffi på Landsbyhuset Breiablik. Det vert servering av kaffi og julebrød. kanskje kjem også julenissen med eit kvart til borna...
HML Varden spelar også ved julegrantenninga på Sandetun kl. 15:00. Der etter er alle hjarteleg velkomne på Breidablik. Det er gratis kaffi, saft, julebrød og juletonar frå korpset. Ta imidlertid med litt pengar for å kjøpe lynlodd.
Søndag 1. okt. 2017 kl. 15:30 skipar Larsnes Helselag til tradisjonell basar i Landsbyhuset Breidablik.
Møt opp og stø det gode arbeidet Larsnes Helselag yter i og for Landsbyen Larsnes!
Landsbyhuset Breidablik presenterer komande arrangement på sine heimesider. Besøk sida for informasjon om kva som skjer, når det skjer og kven som arrangerer.
Dette banneret viser opa dør på Breidablik. Når dette vert nytta, er arrangementet ope for publikum. I utleigekalendaren kan banneret vise med gråtone (i staden for grønt). Då er det eit privat eller lukka arrangement. Arrangement som er opne for publikum kan få eigne banner, dersom slikt er produsert. Klikkar du på banneret, får du meir informasjon om arrangementet.
Harald henger opp scenetepper i taket på scena dagen før dagen...
Som vi ser er det god driv i "opphektinga" - det byrjar å haste med å få fullføre alt til 17.mai-feiringa. Det vart sein kveld/natt på 16.mai...
HML Varden skal spele på 17.mai, og får teste lydtilhøva i den nyoppussa salen.
Det står att ein del arbeid før salen er klar til 17.mai, men lydtilhøva er bra. 17. mai vert fyrste høvet der bygdafolket får sjå resultatet av oppussinga. Vi er spente på reaksjonane...
Stine har "troma saman" ein stor styrke for nedvask
Det nærmar seg ferdigstilling og no er det nedvask av tak, veggar og golv. Parallelt vert det utført fôring og listing av dører, elektroarbeid og mykje meir.
Oddbjørn tek grov-vasken.
Det nærmar seg nedvask og det må ryddast før "vaskestyrken" kjem. Etter to månadar med dugnad er det framleis kjekt...
Karstein Slettestøl finsnekrar i garderobenisja.
Kleshengarane er klar for montering og Karstein har fått oppdraget. Skal det verte nøyaktig kan ein ikkje la seg distrahere av fotografen...
Solveig Rovde og Bjørg Nordahl overraska dugnadsgjengen med graut!
Dugnadsgjengen sette stor pris på å få servert graut midt i dugnaden. Dei to damene tok initiativet og kokte graut til ca 15 personar. "På store dugnadar i bygda har dette vorte ein tradisjon", seier dei to. " Vi serverte både når kyrkja vart bygd og når Breidablik vart oppattbygd etter brannen". "Berre kjekt å bidra", smiler dei to.
Veggane er ferdig mala og det er snart klart for listing og montering av kleshengarar i garderoba.
Flotte fargar og Lisa gler seg tydeleg til å få på plass "ting og tang". For å at det skal gå fort nok har ho kalla inn Kjell på dugnad også...
Bjarte er snart ferdig med å kle veggane i garderoba. Eikepanelen her vert ein "link" til sideveggane i salen.
Kreativt å nytte parkett på veggane. Flott utført handverk, Bjarte!
Det går framover... Taket er no ferdig mala. Det same er scenefrontane. Bak på scena skal det påførast eit malingsstrok til, før diverse utstyr kan monterast.
Vi håpar at det komande veke kjem monge arbeidsviljuge på dugnad. Det er aktivitet frå kl. 18:00 kvar vekedag, utanom fredag. Laurdag startar vi kl. 10:00.
Bjarte er godt nøgd etter å ha bòra 42 hòl i taket der lampane skal plasserast. Takplatene er av gips og mannen fekk etterkvart same farge som taket...
Bjarte er byggeleiar for oppussingsprosjektet. Dersom du har lyst å gjere ein innsats for Landsbyhuset Breidablik, er det berre å ta kontakt eller møte på dugnad: Mandagar-torsdagar frå kl. 18:00. Laurdagar frå kl. 10:00.
Lisa, Toril, Stine og Steinar har god framdrift i tapetseringa av veggflater i salen. Det skal malast i morgon, for stillaset må snart fjernast.
Det skal vere ei malt "veggboks" på kvar side av salen. Flatene skal vere grå, med stilig lysseting og dekor. Vi trur det verte tøft...
Taket er på det nærmaste ferdig lekta og isolasjonen er komen "opp på betane". Det neste no er montering av takplater.
Gipsplater med bestemt grad av perforering skal monterast i det meste av taket. Over desse skal det isolerast med 20 cm. Rockwool. Fremst mot scena skal takplatene vere utan perforering. Det er utarbeidd detaljert akustikkplan med materialval for alle flater i salen.
Karen Nedrelid og Karl Bjarne Sandvik i full gong med tapetsering av veggar i gangen. Det er ikkje noko å sei på humør og innsats. Kan hende det er påvirka av at Lisa Iversen akkurat har kome med sjokoladekake...
Før tapetseringa har det vore sparkla og pussa i fleire dagar. Det neste vert maling. Veggane skal vere grå, nokre av dørene svarte og andre grå. Vi er spente...men trur det verte fint.
Mykje skal plukkast ned også i gangen. Tre driftige damer er godt i gong med riving og klargjering for sparkling, pussing og maling.
Det skal kome ny takhimling, nytt golvbelegg og nye fargar på veggar, dører og lister. Sporstøl Arkitekter arbeider for tida med farge- og materialval.
Det er teke avgjerd om å fjerne vindauga i salen på Landsbyhuset Breidablik. På dei fleste arrangementa er gardinene trekte for og vindauga vert neppe noko sakn. Godt med lys etter at oppussinga er ferdig vil tilfredsstille alle krava om nok lys i salen.
Oddbjørn og Atle er her i full gong med å bygge igjen der vindauga har vore. Avgjerda er også grunna i planane om å bygge på Landsbyhuset Breidablik mot Larsnes skule. Dersom dette vert realisert, vil uansett vindauga måtte fjernast. Ved å gjere det no, unngår vi inngrep i ein oppussa sal seinare.
Landsbyhuset Breidablik er grendahus, konsertsal, møtelokale og festlokale for Larsnes krets. Lokalet er tilgjengeleg for alle som ynskjer på nytte det eller delta på arrangement som vert stelt i stand for bygdafolket.
Landsbyhuset Breidablik er tilgjengeleg for utleige til private, organisasjonar og bedrifter. Mykje informasjon finn du på denne heimesida. Om ikkje du finn det du leitar etter : ta kontakt med
Toril Urkedal
Tlf.: 976 10 919
toril@lbhbreidablik.no
Harald Sætre
Tlf.: 913 18 358
harald@lbhbreidablik.no