Dugnadsmat og god stemning mellom yktene
/Overraskande levering av vafler vart godt motteke av dugnadsgjengen.
Overraskande levering av vafler vart godt motteke av dugnadsgjengen.
Grunna akustiske utbetringar, skal dei fleste veggane og delar av taket i salen isolerast på nytt. Dette krev utforing og ny platekledning. Det skal nyttast perforert gips i tak og på endeveggar, medan det på sideveggane skal nyttast Gustafs-panel (lydpanel) med eik overflate.
Dugnadsinnsatsen har vore stor og oppattbygging er godt i gong i salen. I gangen skal det skiftast takhimling, veggar og dører skal malast og det kjem nytt golvbelegg og nytt listverk.
Dagen etter årsmøtet (16.02.17) starta nedrigging av utstyr og demontering av tekniske installasjonar. God oppslutnad på dugnad gav god framdrift i arbeidet.
Sceneriggen er på det nærmaste demontert. Sceneteppa er sende til vask og utstyr ellers vert stua vekk under scena, på sidescena og i leigd lagercontainer.
Det vart ein liten tjuvstart på oppussinga i oktober 2016. Arbeidstilhøva for teknisk personale (lyd og lys) måtte betrast. Kummerlege tilhøve dei fyrste 4 Feel It-sesongane vart avløyst av kjempegod plass til utstyr og personale.
Monteringa gjekk strålande og Gamlebanken Scene gjorde ein flott dugnadsinnsats for å få på plass galleriet. Det var operativt frå fyrste Feel It-framsyninga i nov.2016. No kan alt utstyret stå opprigga og klart til ei kvar tid. Galleriet var på planen som ein del av av oppussinga av heile huset.
Endeleg er vi klar til å starte oppussing av sal og gang! F.o.m fredag 17.02.2017 vert huset stengt fram til byrjinga av mai. Val av overflatemateriale til veggar, golv og tak er no mykje godt gjort. Finansiering er på plass og dugnadsgjengane er i ferd med å verte sette saman. Meld deg gjerne!
Illustrasjon (Sporstøl Arkitekter)
Styret har i lang tid arbeidd, saman med Sporstøl Arkitekter, for å finne løysingar og materialer som tek i vare bruken Landsbyhuset Breidablik har og skal ha i framtida. Illustrasjonen viser IKKJE eksakte fargar på overflatene, men viser eksempel på val av materialer som skal stette krava til akustikk på ein betre måte enn det som har vore tilfelle tidlegare.
Landsbyhuset Breidablik er grendahus, konsertsal, møtelokale og festlokale for Larsnes krets. Lokalet er tilgjengeleg for alle som ynskjer på nytte det eller delta på arrangement som vert stelt i stand for bygdafolket.
Landsbyhuset Breidablik er tilgjengeleg for utleige til private, organisasjonar og bedrifter. Mykje informasjon finn du på denne heimesida. Om ikkje du finn det du leitar etter : ta kontakt med
Toril Urkedal
Tlf.: 976 10 919
toril@lbhbreidablik.no
Harald Sætre
Tlf.: 913 18 358
harald@lbhbreidablik.no