Back to All Events

Teatret Vårt: "Skumringstimen"

side01.jpg

Kva har vi eigentleg igjen etter eit langt liv? Korleis kan livet som gamal vere? Historia om livet kan bli skriven på mange måtar. Skumringstimen handlar om dei store spørsmåla. Dei vi må tore å stille før det er for seint.

Margaret og John er naboar. Dei har delt bygard og oppgang nesten heile livet. Dei er slike naboar som låner mjølk og sukker av kvarandre. Slike som kan snakke om vær og vind og om alt og ingenting.  Eller, ikkje om alt. Denne dagen skal John hjelpe Margaret med å reparere ei gamal lampe og plutseleg viser det seg at det er mykje dei ikkje har snakka om. Kanskje litt for mykje. Vil vennskapet tole det?

Det blir eit gledeleg gjensyn med Peter Drabløs og Astrid Overaa som no spelar saman i deira tredje framsyning. Peter Drabløs si ektefølte tekst blir levende med regi frå Eldrid Schrøder Kvalvik; Skumringstimen er ein underfundig og tankevekkjande refleksjon over det å bli gamal. Framsyninga er eit samarbeid mellom Teaterfabrikken og Teatret Vårt.

Les omtale i Sunnmørsposten her>

Sjå videotrailer her>

OBS: Grunna Covid-19 er det eit avgrensa antal billettar for sal. Ver snar med å kjøpe!

Earlier Event: September 3
Privat arrangement
Later Event: September 13
Stortingsval - vallokale på Breidablik