Back to All Events

Kunstsoaré - Lysleite II

side01.jpg

Fotograf Tor Sivertstøl er tilbake med ein ny film og utstilling i konseptet Lysleite. Fyrste filmen Lysleite vart sendt både i NRK og i utlandet. Den fekk Gullruten for beste foto i 2014. Igjen er fotografen ute i mørke tider for å jakte lyset, denne gongen i heimfylket hans; Møre og Romsdal.

Allle opptak er gjort under Covid-19-pandemien og utstillinga er fotografen si tolking av desse spesielle tidene. Prosjektet har støtte frå Møre og Romsdal Fylke, gjennom kunstnarstipend.

Tor Sivertstøl, Landsbyhuset Breidablik og Gamlebanken Scene arrangerar “Kunstsoaré” i Landsbyhuset Breidablik denne helga. Programmet inneheld biletutstilling, filmframsyning og samtalar med fotografen.

Laurdag kl. 19:30: Billettprisen inkluderar fiskesupe, brød og dessert. Det vert sal av drikke ved borda (min.vatn/øl/vin). Arrangementet har skjenkeløyve og 18 års aldersgrense.

Søndag kl. 17:00 Billettprisen inkluderar ettermiddagskaffi/te med noko attåt.

Vi håpar publikum finn vegen til spanande arrangement i Landsbyhuset Breidablik.

Earlier Event: September 18
Kunstsoaré - Lysleite II
Later Event: September 27
Sande kommune - kurs