Feel It dinnershow
/Det er snart klart for ny sesong med Feel It dinnershow i Landsbyhuset Breidablik på Larsnes. 8. sesongen “står for døra”, bandet finpussar no på repertoaret og kokkane kvessar i desse dagar knivane. Billettsalet har vore fantastisk: I skrivande stund er det 28 billettar tilgjengeleg (!).
Du kan imidlertid framleis verte ein av dei 1408 som får oppleve speleglede og flott musikk, fantastisk god mat (4 rettar) og stor dugnadsinnsats! Fredag 01.11.2019 er det nokre billettar ledig.
Kjøp billettar her: Feel It dinnershow
Flott resultat etter oppgradering av uteområde!
/Då er sommarens dugnad på Landsbyhuset Breidablik omtrent fullført!. “Jungelen av planter og buskas” er fjerna, mold og dårleg masse er køyrd vekk og ein flott Recon-mur står ferdig. Det står berre att å montere gjerdet.
Olav A. Våge Maskin AS har utført maskin- og transportarbeidet. Bak muren (på Breidabliksida) er det fylt opp med god steinmasse, komprimert og planert med singel. Framfor muren er skråninga ned mot skuleplatten planert og arealet mellom murane er oppfylt med pukk og singel.
Siste Recon-blokka er lagd!
/Då er muren ferdig! No står det att planering og stelling av arealet framfor og bakom muren.
Arbeidet går framover
/Olav A. Våge inspiserer arbeidet. Det går fort å mure med Recon-stein. Ulstein Betong AS leverar steinen og dette ser ut til å verte flott!
Uteområdet vert ordna
/15.07.2019 starta arbeidet med endring av uteområdet mellom Landsbyhuset Breidablik og Larsnes skule. Olav A. Våge Maskin AS syter for maskinarbeidet og Landsbyhuset Breidablik syter for dugnaden. Planter og “buskas” er no fjerna og fyrste steinblokka i ny mur er lagd.
Feel It dinnershow 2018-2019
/Feel It, Landsbyhuset Breidablik og Gamlebanken Scene er godt i gong med å bu seg til komande Feel It-sesong. Merk deg datoane for dinnershowa! Det vert annonsert nærmare om når det vert opna for sal av billettar.
Musikkafè på Breidablik
/Søndag 15.04.2018 kl. 16:00 skipar Hornmusikklaget Varden til musikkafè på Breidablik. Det vert variert korpsmusikk, sal av kaffe, kaker og lodd.
Det vert også auksjon av gamle, men godt brukande, instrument. Har du ambisjonar om ei karriere som musikar, kan dette vere starten! Om du har lagt musikarkarriera bak deg (du har kanskje tidlegare vore med i korps), kan det vere på tide å skaffe seg eit vitnesbyrd om tidlegare storheit. Om ikkje noko av dette passar: instrumentet kan nyttast som pyntegjenstand!
Møt opp og stø lokalt kulturliv!
Adventskaffi på Breidablik
/Søndag 03.12.2017 kl. 15:15 skipar Hornmusikklaget Varden til Adventskaffi på Landsbyhuset Breiablik. Det vert servering av kaffi og julebrød. kanskje kjem også julenissen med eit kvart til borna...
HML Varden spelar også ved julegrantenninga på Sandetun kl. 15:00. Der etter er alle hjarteleg velkomne på Breidablik. Det er gratis kaffi, saft, julebrød og juletonar frå korpset. Ta imidlertid med litt pengar for å kjøpe lynlodd.
Helselagsbasar på Landsbyhuset Breidablik
/Søndag 1. okt. 2017 kl. 15:30 skipar Larsnes Helselag til tradisjonell basar i Landsbyhuset Breidablik.
Møt opp og stø det gode arbeidet Larsnes Helselag yter i og for Landsbyen Larsnes!
Kulturprogram Landsbyhuset Breidablik
/Landsbyhuset Breidablik presenterer komande arrangement på sine heimesider. Besøk sida for informasjon om kva som skjer, når det skjer og kven som arrangerer.
Dette banneret viser opa dør på Breidablik. Når dette vert nytta, er arrangementet ope for publikum. I utleigekalendaren kan banneret vise med gråtone (i staden for grønt). Då er det eit privat eller lukka arrangement. Arrangement som er opne for publikum kan få eigne banner, dersom slikt er produsert. Klikkar du på banneret, får du meir informasjon om arrangementet.
Siste innspurt før 17.mai
/Harald henger opp scenetepper i taket på scena dagen før dagen...
Som vi ser er det god driv i "opphektinga" - det byrjar å haste med å få fullføre alt til 17.mai-feiringa. Det vart sein kveld/natt på 16.mai...
HML Varden testar scene og akustikk
/HML Varden skal spele på 17.mai, og får teste lydtilhøva i den nyoppussa salen.
Det står att ein del arbeid før salen er klar til 17.mai, men lydtilhøva er bra. 17. mai vert fyrste høvet der bygdafolket får sjå resultatet av oppussinga. Vi er spente på reaksjonane...
Nedvasken er i gong
/Stine har "troma saman" ein stor styrke for nedvask
Det nærmar seg ferdigstilling og no er det nedvask av tak, veggar og golv. Parallelt vert det utført fôring og listing av dører, elektroarbeid og mykje meir.
Det må ryddast av og til
/Oddbjørn tek grov-vasken.
Det nærmar seg nedvask og det må ryddast før "vaskestyrken" kjem. Etter to månadar med dugnad er det framleis kjekt...
Monge småting skal ordnast med...
/Karstein Slettestøl finsnekrar i garderobenisja.
Kleshengarane er klar for montering og Karstein har fått oppdraget. Skal det verte nøyaktig kan ein ikkje la seg distrahere av fotografen...
Stor stas med grautservering på dugnad
/Solveig Rovde og Bjørg Nordahl overraska dugnadsgjengen med graut!
Dugnadsgjengen sette stor pris på å få servert graut midt i dugnaden. Dei to damene tok initiativet og kokte graut til ca 15 personar. "På store dugnadar i bygda har dette vorte ein tradisjon", seier dei to. " Vi serverte både når kyrkja vart bygd og når Breidablik vart oppattbygd etter brannen". "Berre kjekt å bidra", smiler dei to.
Snart klart for montering i gangen
/Veggane er ferdig mala og det er snart klart for listing og montering av kleshengarar i garderoba.
Flotte fargar og Lisa gler seg tydeleg til å få på plass "ting og tang". For å at det skal gå fort nok har ho kalla inn Kjell på dugnad også...
Garderoba vert eit "smykkeskrin"...
/Bjarte er snart ferdig med å kle veggane i garderoba. Eikepanelen her vert ein "link" til sideveggane i salen.
Kreativt å nytte parkett på veggane. Flott utført handverk, Bjarte!
Tak og scene har fått farge...
/Det går framover... Taket er no ferdig mala. Det same er scenefrontane. Bak på scena skal det påførast eit malingsstrok til, før diverse utstyr kan monterast.
Vi håpar at det komande veke kjem monge arbeidsviljuge på dugnad. Det er aktivitet frå kl. 18:00 kvar vekedag, utanom fredag. Laurdag startar vi kl. 10:00.
