Kunstsoarè i Landsbyhuset Breidablik

Bilde1.jpg

Ta turen til Larsnes og Landsbyhuset Breidablik for bilet- og filmframsyning!

Tor Sivertstøl presenterar Lysleite II for publikum laurdag 18.09.2021 kl. 19:30 og søndag 19.09.2021 kl. 17:00. Det er førehandsal av billettar til begge dagane (maks 48 billettar pr. dag).

Billettar og informasjon om laurdagsarrangementet her>

Billettar og informasjon om søndagsarrangementet her>

Teaterframsyning i Landsbyhuset Breidablik!

Skumringstimen liggende.jpg

Det er ikkje ofte det er teaterframsyning på Larsnes. No kjem Teatret Vårt hit (tysdag 07.09.21 kl. 19:00), med ei framsyning som har fått svært gode kritikkar!

Astrid Overå og Peter Drabløs er framifrå i rollene som Margaret og John; eit eldre vennepar som snakkar seg i mellom om det meste, men kanskje ikkje om slett alt? Ikkje før no…. “Skumringstimen” tek opp dei store spørsmåla. Slikt som vener kanskje bør snakke om før det er for seint? Regisør for framsyninga er Eldrid Schrøder Kvalvik.

“Det er så fint. Så tankevekkende og tatt på kornet.” - Sunnmørsposten - til terningkast 5.

Les omtale, sjå videotrailer og kjøp billett her>

Feel It dinnershow

Feel It - besetning 2019-2020.PNG

Det er snart klart for ny sesong med Feel It dinnershow i Landsbyhuset Breidablik på Larsnes. 8. sesongen “står for døra”, bandet finpussar no på repertoaret og kokkane kvessar i desse dagar knivane. Billettsalet har vore fantastisk: I skrivande stund er det 28 billettar tilgjengeleg (!).

Du kan imidlertid framleis verte ein av dei 1408 som får oppleve speleglede og flott musikk, fantastisk god mat (4 rettar) og stor dugnadsinnsats! Fredag 01.11.2019 er det nokre billettar ledig.

Kjøp billettar her: Feel It dinnershow

Flott resultat etter oppgradering av uteområde!

IMG_0415.JPG

Då er sommarens dugnad på Landsbyhuset Breidablik omtrent fullført!. “Jungelen av planter og buskas” er fjerna, mold og dårleg masse er køyrd vekk og ein flott Recon-mur står ferdig. Det står berre att å montere gjerdet.

Olav A. Våge Maskin AS har utført maskin- og transportarbeidet. Bak muren (på Breidabliksida) er det fylt opp med god steinmasse, komprimert og planert med singel. Framfor muren er skråninga ned mot skuleplatten planert og arealet mellom murane er oppfylt med pukk og singel.

Musikkafè på Breidablik

Søndag 15.04.2018 kl. 16:00 skipar Hornmusikklaget Varden til musikkafè på Breidablik. Det vert variert korpsmusikk, sal av kaffe, kaker og lodd.

Banner musikkafè.jpg

Det vert også auksjon av gamle, men godt brukande, instrument. Har du ambisjonar om ei karriere som musikar, kan dette vere starten! Om du har lagt musikarkarriera bak deg (du har kanskje tidlegare vore med i korps), kan det vere på tide å skaffe seg eit vitnesbyrd om tidlegare storheit. Om ikkje noko av dette passar: instrumentet kan nyttast som pyntegjenstand!

Møt opp og stø lokalt kulturliv!

Adventskaffi på Breidablik

Søndag 03.12.2017 kl. 15:15 skipar Hornmusikklaget Varden til Adventskaffi på Landsbyhuset Breiablik. Det vert servering av kaffi og julebrød. kanskje kjem også julenissen med eit kvart til borna...

julenisse2-597x336.jpg

HML Varden spelar også ved julegrantenninga på Sandetun kl. 15:00. Der etter er alle hjarteleg velkomne på Breidablik. Det er gratis kaffi, saft, julebrød og juletonar frå korpset. Ta imidlertid med litt pengar for å kjøpe lynlodd.

Kulturprogram Landsbyhuset Breidablik

Landsbyhuset Breidablik presenterer komande arrangement på sine heimesider. Besøk sida for informasjon om kva som skjer, når det skjer og kven som arrangerer.

Dette banneret viser opa dør på Breidablik. Når dette vert nytta, er arrangementet ope for publikum. I utleigekalendaren kan banneret vise med gråtone (i staden for grønt). Då er det eit privat eller lukka arrangement. Arrangement som er opne for publikum kan få eigne banner, dersom slikt er produsert. Klikkar du på banneret, får du meir informasjon om arrangementet.

Sjekk komande kulturarrangement her >